Quantcast
Channel: Piregs blogg » Trolldom
Viewing all articles
Browse latest Browse all 2

Om Dragedokka…

$
0
0

Då er eg innom igjen… etter lång tids fråver… diverre…!

Har bl.a. vore på oppdateringskurs mht. jobb… så eg fortsatt kan halda på kompetansa mi… Det kjem jo stendig nye og forbetra instrumentar… og for å henga med… må oppdatering tel so klart… to gånger årleg endatel… stakkars meg… ikkje sant…? *ler*

Så over tel Dragedokka: Ho liknar på nissen… men er bitte lita… og trivst best i kister, skuffar og skrin der sylv og pengar ligg…! Ho veljer seg ut ein person som undlingen sin… og gjer den personen rik… då ho heile tia samlar pengar og verdisakar til ham eller henne… og detta stel ho frå andre folks skuffar og skap…!

         Den som fyrst heve fått ei Dragedokke… vert nestan aldri kvitt ho… då må det prestar eller trollskap tel… noke ein kar frå Telemark fekk erfara… som på heimveg frå ein stad fekk sjå ei lita Dragedokke som han la i lomma si…! Då han kom heim og skulle ta ho opp or lomma… var lomma full tå pengar… og sjøl om han i tia framover brukte uhorveleg mykje pengar… minka det aldri…!

          Han kjøpte fyrst ein gard… så ein tel… men då han kjøpte ein treie storgard… då begreip naboane at anten va da trollskap med i biletet… eller han hadde ei Dragedokke…! Naboane vart fattigare og fattigare… medan han sjøl vart rikare og rikare… Tilslutt samla naboane seg… og steina han…!

            Ein bonde i Beiarn fekk seg og ei Dragedokke… levde eit latmannsliv… men vart steinrik lell… Men da va ikkje so greit detta… då Dragedokka gnåla og masa døgret rundt etter fleire arbeidsoppgåver… noke som ikkje alltid var like lett å finna på tel ho…! Så ein kveld bonden he lagt seg… kom Dragedokka og spurde ham: *Ka ska eg gjera no… ka ska eg gjera no*… Bonden va lei maset hennar… og sa i sinne: *Gå å dra ein lort*…!

Og… morgonen etter va stova full av møkk..!

            Da va oftast trollmenn/trollkjerringer som hadde dragedokker… men rundt om på bygdene vert det sagt… at ingen kan verta finansminister utan å eie ei dragedokke…! Derfor vert spørsmålet: Eiger finansminister Sigbjørn Johnsen ei dragedokke mon tru…?


Viewing all articles
Browse latest Browse all 2